av Thomas Løland.

Som jorda lenka fast i solas bane,
Du heldt meg varm og svikta alltid slepp,
Og etter kvart var vond å vende-vane,
Då vinterkulda beit i kroppen krepp.
Eg heldt 'kje fast på mitt, og flaug for nære,
Og stadig vart du sterkare i stikk;
Men over krinsen vart for seint å lære:
For lenge nærte meg med ditt bestikk.
Eg hadde jorda sådd med fraudig grøde –
Nå heilt er skrinne skal, og husar øyde
Der berre lever for å døyve møde
Og drepa meg, som mange gongar døydde.
Eg er ...
(eg græt, og tittar ned på skeia)
... Som knust i tusen betar kring deg feia.