Dauden på sjukerommet

av Thomas Løland.

Ved dødssengen, av Edvard Munch.


Så kald var guds uhorvelege straff,

Og trass dei ofte gjesta godt i tru;

Forventa var 'kje budd då dauden traff –

På sakte fjøre bygde inga bru.


Dei tende lys og heldt det nært, om enn

Ho stadig kvarv i sjuka, klein og kvit:

“Du snart må springe rundt 'gjen, lille venn" –

Med smilet, løynde frykt og festa lit.


Men dauden kom og skåra maska sund,

Og nækte sørgespel i andlet blakka,

Og tømde alt som fanst i hjartas brunn;

I vide jammer, kvide kvad og akka


Om henne, der i senga låg med all

den lille slitte tid i fanget fall.

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2018-2021 Pendelen.no