Det lakkar mot haust

av Jakob Sande.

Høst, av Bendik Riis.



Det myrknar ikring meg, det lakkar mot haust,

mismodig står sola og gløser i aust,

og ein dag tørnar til med si plage.

Eg bind mine skor, og eg maular min mat,

av fiendar tilmålt og salta med hat,

– men ingen skal høyre meg klage.


Eg går til mitt arbeid med mismod og skam,

og time for time skrid bortkasta fram

av ein dag som seg sjølv tar av dage.

Ein dag går til ende, og sjølv sit eg att

og ventar med gru på ein endelaus natt,

– men ingen skal høyre meg klage.


Og slik skal det gå, eg skal gå som eg kom,

til dess eg står fram for å vedta min dom

av ein dommar i kappe og krage.

Han seier som slik: – ein litt feitare finn,

det lakkar til middag, – før neste mann inn!

– Men ingen skal høyre meg klage.