Det nye og det gamle

av Tore Ørjasæter.

Image V-green, av Bjarne Melgaard.


Dei gamle dei greidde seg bra paa si gjerd;

men no i vaar tid er det mykje paa ferd

kor kravi til live hev vakse.

Det er ikkje lenger aa rekne for rart

at midelen minkar or ættom so snart,

naar kvarmann vil vera ein kakse.


Men gromt skal det vera: den mannen er gjæv

som lettleg kjem fram utan arbeid og stræv

og held seg i likaste lagom.

Han gaar der og peikar so pynta og fin,

og forkunn-mat fær han og herlege vin,

og alt er av dyraste slagom.


Han gaar der og peikar so pynta og fin,

dei bylaga kjøpklædi blenkjer og skin,

og høg er den tviduble kragen.

Han driv'kje med arbeid, han held seg for god,

og difor so ligg han i fred og i ro

og dormar til langt fram paa dagen.


Dei gamle dei hadde det anna slag stridt;

men elles ein høyrer det var ikkje fritt

for anna enn dei og ha' trivnad.

No alt er so lettvint, og føda dei fær

naar berre dei borgar paa budi, det er

so lugum og sutlaus ein livnad.


Mest alt skal han kjøpe, og mynten er ryr,

men vara er daarleg og held seg so dyr,

og skuldi vil oftaste vekse.

Og daadlaus han gaar der um dagen og driv;

han borgar paa budi, men kræmaren skriv

i boki den vanlege lekse.


Og folk lyt han leige, skal noko bli gjort,

men alt han fær att av det er ikkje stort,

so gaar han og kyter og kjautrar

paa tidi som held seg so daarleg og dyr,

ein fær ikkje arbeidshjelp fritt no som fyrr,

og difor han tutrar og tautrar.


Men baus vil han vera i bylaga frakk

og kjøper aat kjerringi silkety-stakk,

for kvinnfolk er kjære paa stasen.

Han sit ikkje lenger paa sjølveigen gard,

det kostar aa vera slik kakse te kar;

– men elles – du vein, det er basen!


Og best han er bamse so er han vel blank,

og laan lyt han taka aany i ein bank,

og mangeleis bala og bekse.

Han sterra og sterta vel enno ei tid;

men renta lyt leggjast, og ho er nok strid,

so skuldi vil oftaste vekse.


Han kann ikkje handsama hyvel og kniv

og gaar der so stauren, so sjølvgod og stiv

og taklaus og tregg som ein trekrakk.

Han er ikkje god for aa arbeide sjølv,

for helsa han knekte med kaffe og øl;

no gaar han der kuven og kneslakk.


Ein serlaga mat laut han ha, ver det rett.

Ja tak so ein mjølgrand, ein søt mjølkeskvett

og gjev det ein lagomleg linn-kok.

So kanskje han nyt det. So blodlaus og bleik

han sit der og er vel so utfaad og veik,

han toler 'kje braak av ein skinnbrok.


I gomol tid daa var det rekna for skam

aa sitja i oska; nei kvar møtte fram

i striden rett dugeleg mannsterk.

No er det kje større som folke fær gjort;

og røyner det, rømer dei undan so fort

og skuldar paa det din hev tannverk.



Fiskere i krostuen, av Michael Ancher.