Det syng for Storegut

av Aasmund Olavsson Vinje.

Lengsel, av Hans Dahl.


Han gjekk i skogen, Storegut,

ein dag oppunder Breitonut.

Og som han gjekk der opp og ned

og leita etter emningstre,

med eitt som nagla fast han stod:

for mot'n kom eit jenteljod,

som lokkar geit og sau og ku

mot kvelden heim til seterbu

og bed ifrå seg bjørn og skrubb;

og når ho dette her song på,

som tårer kom i mælet då:


“Den dag kjem aldri at eg gløymer;

for om eg søver, eg om deg drøymer.

Om natt og dag er du like nær,

og best eg ser deg når mørkt det er.


Du leikar kringom meg der eg vankar.

Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.

Du støtt meg følgjer på ferdi mi,

som skuggen gjeng etter soli si.


Når nokon kjem og i klinka rykkjer,

d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:

Eg sprett frå stolen og vil meg te,

men snart eg sig atter ende ned.


Når vinden lint uti lauvet ruslar,

eg trur d'er du som gjeng der og tuslar?

Når somt der borte eg ser seg snu,

eg kvekk og trur det må vera du.


I kvar som gjeng og som rid og køyrer,

d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:

i song og fløyte- ogfele-låt,

men endå best i min eigen gråt."