Eg er min eigen fiendsmann

av Olav Aukrust.



Dostoijevskij i Sankt Peterburg, av Ilya Glazunov.

Eg er min eigen fiendsmann,

eg blandar sjølv min mat

med eiter, og el og nører

og hater mitt eige hat.

Eg ynkjer, eg gret med tåre,

det inkje eg gåte kann:

er vorten min eigen fåre,

min eigen fiendsmann.


Sjå, det som eg elskar av hjarte,

det piner eg, alt eg kann,

og det som mitt hjarta forbannar,

der kjæler eg mjukt med mi hand.

So er eg då nifst ein tviing,

den eine mun nære seg

med lystmat, som stødt gjev liding

til hin som er sjølve eg.


Eg er skinande rømdi

ørnen i æteren blå.

Og eg er i hyljande havdjup

hæken, umetteleg hå.

Eg er den motsetningsrike

krig millom usamde krav,

det bråville ørneskriket

og våen i sugande hav:


Sjå, gløypande ville båra

vert blanda med slim og blod,

planta i myrkheims havbeist

veldug sit ørneklo.

Skal lyftande vengen brotne

i krig millom luft og låg,

skal ørnhamen reka og rotne

på havsens villande våg!


* * *


Eg vinne vil med velde

eller òg i vanvit døy

og søkkje som djupt i havet

den vulkansprengde øy!

Men skal òg havet gløype meg:

til sist mot grøne land

skal livet atter støype meg

og vaske gull or sand.