Energeia

av Hallvard Kjelen.



Eit lite stykke nord for Johan Larson-Jåhka ligg ei gammal gamme. Ein same bygde ho for mange år sidan, og ingen har halde ho ved like sidan han døydde. No er gamma til nedfalls. Nedsigen på den eine sida. Døra er skjekt, og lèt seg nesten ikkje opne lenger. Hit kjem ingen. Ein og annan fotturist legg kanskje merke til gamma når han passerar etter stien som ligg på andre sida av elva. Elles ligg ho berre der for seg sjølv. Her i den siste villmarka. No er dette snart òg slut. Her er Watt å hente.


I vest ligg Stormsjø. Då Jensen-regjeringa omgjorde nasjonalparkstatusen til området, fann utbyggarane fort fram gamle planar. “Det hastar! Stort behov! Grøn kraft er betre enn kol!”


Det er snart midt i mai. Vatna blånar i fjelldalane, og snart kjem vårløysinga hit òg. I dei brattaste henga buldrar skreda med jamne mellomrom. Snøen syd i liene. Tida er der snart. Eit skispor snor seg mellom dei snøfrie knausane. Kursen er likevel bein. Skiløparen veit kor han skal. Han er kjend i desse fjella. Kjenner alle haugane, elvene, bekkane. Er heime her. Nettene i telt i denne dalen har han ikkje tal på. Aleine. Helst aleine. Alltid aleine. Kvar gong. Men aldri i einsemd. Her er sjeler og ånder i fjellet. Han kjenner mange av dei, og er god ven med nokre. Og dei helsar han velkommen attende. Han talar litt med dei, og dei fagnar han vel. Med små libasjonar og gåver styrker han banda mellom seg og dei. Andre ånder er meir avmålte, han held seg klokleg på avstand. Let dei få vere for seg sjølv. Ein skal ikkje trengje seg på. Dette veit han. Han veit godt sjølv kor vondt det kan vere å bli invadert når ein ikkje vil ha selskap. Han må ha plass rundt seg. Skyr trengsel.


Ei ørn viste seg for han. Han visste at det lova godt. Han helsa ho, og ho blunka til han. Dette er rett.


Då han vakna frå draumen, var noko annleis. Gamma har retta seg. Riset rundt eldstaden er fersk. Sola skin inn ljoren. Kunne det allereie vere langt på dag? Han retter seg opp og kikkar rundt seg. Er noko skjedd? Draumen? I draumen var han ei ørn. Høgt over landskapet hang han. Alt kunne han sjå. Han såg skisporet langs elva med kurs mot gamma. Han såg seg sjølv. Og han såg ein mann. Mannen, kledd i pesk, stod på ein stein framom gamma. Han strekte armane mot veret. Sa han noko? Kva sa han?


Førre månad. Kafé. Blindern:


Logos: “Det samiske har alltid vore mystifisert. Det er kanskje mogleg å kalle det ein form for orientalisme, faktisk. I soga om Harald Hårfagre er det eit parti som handlar om samen Svåse og dottera hans. Ho er full av trollskap, og forheksar kongen med ein trollskap som er så sterk at han varar lenge etter at ho er daud. Kongen sit og vakar over liket hennar i årevis. Samar, ja faktisk alt nordnorsk (les Lie!) har altså i lange tider vore knytt til trolldom og magi. Men det beror jo berre på kunnskapsmangel. På sviktande kjennskap til det som er litt annleis. Det handlar om makt, om overgrep, om frykt for det ukjende.” Stemmen er ivrig, nesten eksaltert. Mythos: “Jau, men… Kan det ikkje hende at… Eg meiner: Kan det ikkje hende at alle desse historiene har ei kjerne av sanning? Kvifor kan ikkje magi finnast?” Usikker? Korleis argumentere for dette? Her er desse tankane ikkje godkjende. Mythos: (stammar): “Eg kjenner noko…Noko… Når eg går i fjellet…Det. Det er noko. Eg veit at det er noko….noko der…Som talar med meg.” Dette er ikkje tillete. Sosialt sjølvmord, nesten. Han veit det, men fortset: “Eg har møtt dei, åndene. Dei …Dei. Dei er der. Særleg i nærleiken av dei gamle buplassane.” Logos bryt av: “Tøv!” Å forklare dette for venene er umogleg. Gjev opp. Går ut. Lengtar attende til heimen i fjellet. Trommereisekurs? Prøve det? Ja. Nei, dette er ikkje rett. Det er ikkje slik det er. Er han berre eit søkjande individ som druknar i New age-fantasiar? Slett ikkje. Attende dit, må han. Slik er det.



Han kler på seg, går ut. Skiene er borte. Snøen er borte. Det er sumar. Korleis? På ein stein står ein mann i pesk.


Mannen i pesk snur seg: “Her er eg. Du har leita etter meg. Eg er her. No har du funne meg.” Mannen er liten, grå. Han set seg. Er still eit bel. Tek til igjen: “Noko er gale, og du veit. Men det er ikkje mange som deg. Difor kan vi tale med deg. Du ser. Makta vår er ikkje stor. Her er lite ein kan gjere. Men dei store samanhengane kan heller ikkje vi sjå. Kan hende skal det vere slik. Kan hende skal det ende no. Gullgiren har ingen grenser. Men ganing finst òg.”


På kafé:


Logos: “Stemme blod, galdring, ganing, stanse Hurtigruta og kven veit kva… Trur du på alt dette? Kor kom han frå, all denne kjærleiken til samisk overtru? Du er då eit moderne menneske? Det er ikkje noko særskilt ved samane. Dei er folk som alle andre. Og desse åndene…. Er du vorten animist? Leve i pakt med naturen? Jau, det kan du alltids ønskje, men det er ei ny tid no. Vitskap. Teknikk. Det er dette vi må stole på no.”


Fossen (sic.): “Og kvifor er ho så viktig for deg denne elva? Ho gjer jo ikkje nokon nytte for seg der ho ligg i all einsemd. No, med alle overføringslinene på plass (som smykkar i terrenget) kan dei selje til god pris sørover. Grøn og god energi. Og god forteneste. Eit bidrag til det urbane livet, til næring og vekst. Betre enn kol. Og anleggsvegane gjer all naturen tilgjengeleg for andre enn slike seigingar som deg. Kvifor skal du vere så egoistisk?”


Mythos: “Samanheng finst. Liv finst. Meining finst! (Og ganing).”


1. juni. VG: “Mystisk maskinstans hindrer utbygging.” Dagbladet: “Ingen naturlig forklaring på motordøden på Saltfjellet.” Aftenposten: “Kan skyldes elektromagnetiske felt”

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2020 Pendelen.no