Far i skogen

av Ragnvald Vaage.

Sommerdag, av Morten Müller.


Det er far i skogen etter fedran' mine:

stigar trødde frå den gamle gard, –

einsleg går eg under døkke furer

i dei djupe, gamalkjende far.

Det ber inn i deld og tronge kvelde,

inn langs myrlendt dy og stengde dalar,

skogen susar tunglynd der eg stig –

d'er som høyr'eg mine feder talar.


Skuggen rår. Eit drysj av gylne strålar

kysser grunnen her og der – og elles stengt,

og med sving i sving går vegen lenger

som eit liv i skuming og i lengt.

Og dei gråe, slitne gongesteinar

og kvar moldberr, sårtrødd rot eg møter

syner greitt at her vart tunge bører

borne fram på ferdatrøytte føter.


Still, som leidd i draum av dulde hender,

føl eg stigen av og lenger av.

Så med eitt er skogen all, og auga

møter himmelen og blenk av hav.

All er stigen med. Og kvilesteinen

vitnar klårt: Hit drogst dei ifrå kavet,

hit førde lengten mine gamle feder –

hit mot himmelrømd og imot havet.


Ingen larm av strid og onnugt yrke,

ingen lyd når hit frå bygd og bog,

berre glansen ifrå hav og himmel

og den djupe, døyvde sus av skog, –

sus som flør og fell med om av salmar,

skiftande med lengt og lyst og pine.

Det er kjende kvad. Eg bøyer hovud,

stilt som mine feder bøygde sine.


Og den same himmel blånar over

og den same gylne havrand svell

og dei same gamalkjende tonar

susar kringom meg og flør og fell,

flør og fell til eg sit kløkt og kjenner

kven eg er: ein stig i kyrre kvelden

der dei vandrar, alle fedran' mine,

fram mot havet og mot himmelelden.


Sola glader. Sym ei stund og dukkar

stilt i blodut hav – så er det natt.

Einsleg går eg under tunge furer

i den same døkke farveg att.

Og no veit eg at all lyst og møde,

det som grøter meg og det som gleder

– alt er far. Og djupt inni mitt hjarta

vandrar enno mine gamle feder.