Gjenta

av Olav Aukrust.

Brevet, av Edward Antoon Portielje.

(Ei vise om skalden og songmøyi)




Eg greip eit livande i går

eg sat med ei gjente i armom!

Ho fossa og skolv so av vår,

at bring-sylgju hoppa på barmom!

Lauvskog i lid,

nattregn-lauga,

dogga og draup

under heitt solauga,

blomane gledde seg, fuglane song,

gjenta var mi med ein einaste gong.



Eg våga meg frampå i natt

det fanst ikkje råd å få ro her.

Eg gjorde både bægde og batt,

eg visste 'kje av, fyrr eg stod der.

Døri var stengd.

Ho gat ikkje ordet.

Eg veit ikkje meir,

kva eg sa' eller gjorde. – –

Frå uppigård Avdaga glad djekk eg ut

eg fanst att på n'igard Midnatt til slutt.



Me møttest i dag som i går

eg lést som en inkje gådde.

Eg fossa og skolv so av vår

at knapt med meg sjølv eg rådde.

Glad og rein

som rennande vatn,

bleik som ei brur

med innkvervde skatten,

blåøygd, tårøygd, og vårviol-våt

sælord sa meg i strålande gråt.



Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2018-2021 Pendelen.no