Godmor

av Sven Moren.

Eldre kone ved rokken, av Henry John Dobson.

Ho godmor sit i koven sin

og trør sin gamle rokk

med sorg i tunge anletsdrag

og sol i sølvgrå lokk.


Og rokkehjule durar jamt,

og snelda sviv og svell

og tvinnar tråden fast og fin

kvar dag til seine kveld.


So spann ho tråd til veft i vev

av lin og mjuke ull.

So spann ho vyrk med slitne hand

vårt dyre ervegull.


Det brast og rakna av og til,

og hjule stana brått.

Med godmor knytte atter fast

våre dyre lagnads-tått.


I ætt og lyd og grannelag

vi kjende hennar hand,

som knytte born til far og mor

og folk til bygd og land.


Dei blinkar fram og lyser bjart,

men sloknar att i hast,

dei mange minne frå eit liv

med von som steig og brast:


– Der sit han sjølv i høgsetkrå

vel budd til frædarverk,

ein hovding på sin frie gard,

ain husbond, trygg og sterk.


Der leikar borna trygt i tun,

høyr låtten kor han kling!

– Kvar er dei no? Ho sit og ly'r;

men høyrer ingen ting.


No er det stil i gamle tun,

og tomt i høgsetkrå.

No sit ho godmor einsam her

og spinn sin lagnads-tråd.


Og sola skin. Og draumen stig

og kvelar tak og tårn –

ei borg av fred kring gamle mor

og alle hennar born.


Det ståkar jamt i tun og hall

og syng og lær som før.

Og ærend har dei jamt og samt

inn gjenom hennar dør.


Og gamle mor sit høg og byrg

i spinnestolen sin,

ei mor for alle på sin gard,

ei dronning skir og fin.


Snart siste tåra blinkar bjart

på hennar bleike kinn,

– da må du opna Herre Gud,

so gamle mor slepp inn.