Gud signe vårt dyre fedreland

av Elias Blix.

Haugianerne, av Adolph Tidemand.


Gud signe vaart dyre Fedraland Og lat det som Hagen bløma! Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand Og Vetter fyr Vaarsol røma! Lat Folket som Brøder saman bu, Som Kristne det kann seg søma!


Vaart Heimland i Myrker lenge laag, Og Vankunna Ljoset gøymde. Men Gud, du i Naade til oss saag, Din Kjærleik oss ikkje gløymde: Du sende ditt Ord til Norigs Fjell, Og Ljos yver Landet strøymde.


Og Norig det ligg vel langt i Nord, Og Vetteren varer lenge; Men Ljoset og Livet i ditt Ord Det ingen kann setja Stenge. Um Fjellet er høgt og Dalen trong, Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

So blømde vaart Land i Ljos og Fred, Det grodde saa grønt i Lider, Men atter seig Natt paa Landet ned Med Trældom og tunge Tider. Og Folket det sukka etter Ljos, Og du lyste upp umsider.

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv, Som lenge vaar Lukka skygde, Du atter oss gav vaar Fridoms Arv Og honom i Trengsla trygde. Du verna vaart Folk og gav oss Fred, Og Landet med Log me bygde.


Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, Me faafengt paa Huset byggja. Vil Gud ikkje verja By og Land, Kann Vaktmann oss ikkje tryggja. So vakta oss, Gud, so me kann bu I Heimen med Fred og Hyggja!

No er det i Norig atter Dag Med Vaarsol og Song i Skogen. Um Sædet enn gror paa ymist Lag, Det brydder daa etter Plogen. So signe daa Gud det gode Saad, Til Groren ein Gong er mogen!

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2020 Pendelen.no