av Siri Bjorstad Hjermann.

Hans Holmøy, Honndals store sønn,
sig utslitt ned på stol,
hans blikk er tomt, djupt som ein brønn,
han har sett dødens bol.
I utmark vandra Hans avstad,
han hadde slikt å gjer'.
Han nære var lit de parad'
då bjørnen kom frå ingenstad
som dødens kavaler.
Den lodne binne stod på to
før Hans fekk sukk for seg.
Han kjende dødens skarpe klo
då bjørnen kom hans veg.
Han lamma var av angst og gru
og kom seg ikkje bort,
med gåsehud han kom i hu
den stakkars maltrakterte ku
som bjørnen drap så fort.
Han klarte få eit sikkert grep
i bjørnetungerot,
han undrast korleis bjørnen drep
og korleis stå imot.
Det liv han hadde levd så kort
var kvart sekund forbi,
han kjente medvit svinna bort
og sørga over alt ugjort.
Var perleporten vid?
Då small eit skot ved øyret hans
Vart Petersporten stengt?!
Så såg han binnas smertedans
og augo som vart vrengt.
No var han visst i draumeland,
for bjørnen sleppte tak!
Han trakk til seg si såra hand,
bror Oliver var redningsmann
og Hans fall med eit brak.
Han lurte død, er trygg i hus
på stol han sit så ør.
Han skjønar inkje, er i rus
av dramaet som skjedde før,
og ensar ikkje alt som skjer,
av kaos og av lyd.
Inn kjem to sterke menn som ber
den døde bjørn, og folket ser
på, full av skrekk og fryd.
Den gut som bar to bjørnar små
tett inntil hjartet sitt,
han gløymde aldri det tablå
og Hans sitt bjørnebitt.
Eit rom med rifle, øks og blod ,
med skrik og rop og skrekk,
der døden sjølv i skuggen stod
gav aldri barnehjarter ro,
det syn gjekk aldri vekk.
For den som ikkje trur det her
og tenkjer det er tull;
i gardsmusèet skallen er,
punktert av kulehull.
Kven kan vel gløyma Holmøy-Hans
i bygda han kom frå,
på grava ligg det årvisst krans,
og Tidemand sin penseldans
kan ettertida sjå.
