Haust

av Peter Munheim.

Epletre, av Edvard Munch.

I


No brenn ein sumar atter ut, gaar ned i blod,

eit fargefagert soleglad som gyller lendet;

det skin i lid og lund som aftenskyer tende

i gult og gull, skarlak og purpurglod,

ei mangfelt bragd, ein brand, snart sterk, snart veik,

av rogn og bjørk og lind, av villvin, osp og eik. –

So sloknar sumaren. For vænleik i hans kveld!

So døyr han i den rike brus av haustens spel.



II


Du fagre haust, din daam og fylle og di ro

gjer sjæli rik og mogi og gjer stilt mitt blod

med avglans mild av alle dine kyndlar tende!

I myrkret, naar dei drøymne sansar fangar

det lette sviv av mogne aldeangar,

eg minnest gamle tider, drøymer meg attende

til fruktkjær barndom, gleda som me kjende,

me smaa, naar me var vakna upp ei haustmyrk natt

og høyrde sus av vind og laag og tenkte paa

dei mange epli som fraa trei datt –,

og naar me kappsprang ut i morgonstundi graa,

berrføtte gjennom duggvaat haa

og samla upp og fyllte fang og lummor.

Snart anga, skein vaar fengd or lædikar og bumbor.

Eit syn eg minnest, som eg hadde daa, ei natt,

ei mørk og fullgjord haustnatt der i draum eg laag.

Ein veldig hage var det eg i draumen saag

med digre, knartute og gamle kjempetre,

som stod og tagde jupt i urtidsro og fred,

og som me sine svære, vide krunor bygde

ein stor og høglyft kvelving, som for himlen skygde.

Ei evig skyming høgtidsfull der inne raadde,

ubroten kvilte freden fraa den fyrste tid

der millom risestommar under kvelven vid.

Enn aldri mannefot den grunnen traadde.

Og ingi hand dei fagre frukter naadde,

dei gule, mogne, som i bladstort lauv eg gaadde:

Som mannehovud store tunge dei seg bøygde

fraa tjukke, breide greinerne som ut seg tøygde. –

Eit eple løyste seg med ett fraa kvist og datt;

daa var det som eit gullblankt lyn av glede spratt

og glødde i den segnblaae skuggenatt. –

Og fleire av dei fabelfrukter fall i stilla

til marki tungt og burt imillom trei trilla.

Eg gjekk og leitte der i dæld og søkk

i æventyr- og draumehaugen døkk.

Ei ovstor, yverjordisk frygd meg fylte,

naar eg deim fann og lyfte deim, dei skattar gyllte.



III


Det susar stilt i lauv av langsam vind,

som skrid igjenom myrkret kviskrande og linn.

Det er som natti lever, andar, varm og nær,

og stryk meg mildt paa kinni, moderleg og kjær;

men fjern og grenselaus paa same tid ho er.

Det mumlar gaatefullt. Eg gløymer stad og tid.

Med susen burt som paa ein roleg urskogstraum eg glid

uendeleg, uendeleg. Ja syng, du vind, din song!

Mi sjæl med deg skal susa gjennom skogarna eingong!