av Siri Bjorstad Hjermann.

I dag vil eg bada, sa ho
til han som slo floke og lo:
Det haglar jo kjære,
ta omsyn til været,
du er ikkje fru Eskimo!
Du må ikkje tru eg held opp,
mitt vann-vidd vil aldri sei stopp;
Om det stormar frå nord,
sjølvsagt skal eg i fjord,
for gåsehud kviknar min kropp!
Å bu i ein by lengst mot vest,
der vêrgudar ofte held fest,
er slett ikkje ille
for badeglad frille,
ho trivast i bølger og blest.
Ja, helst vil ho bada i vêr
med bølger som flaksande fjær.
Herr Poseidon, Herr Njord,
kvar ein stormande lord,
veit å stille ei kvinnes begjær.
I dag skal me bada, sa ho,
og han kjende frosten si klo.
Fyren bleikna av skrekk,
mens han ønskte seg vekk;
Så smilte han vagt: Après vous!