I Himmelens teneste

av Daniel Nilsen Morlandstø.

Kristent stjernekart, av Julius Schiller (cirka 1600).

Leonora la Valle, for ettertida mest kjend som sankta Leonora, men førebels berre kaptein på stjernekoloniskipet Gaspare, stod med hendene på ryggen og stira ut gjennom panoramavindauga. Der framme såg ho stjerna. Ikkje som éin kald og fjern lysprikk blant millionar, men som ei glødande sol. Å, som ho hadde sakna det, sakna å sjå noko anna enn den endelause stjernevidda som fortona seg lik kvar gong ho hadde vorten gjenoppliva for å kontrollera at alt stod vel til med skipet og passasjerane.


No hadde den kunstige intelligensen om bord vekka ho før tida. Akkurat som ho hadde programmert han til å gjera. Ho ville vera vitne til innkomsten til målet for reisa: sola og planetane som skulle vera menneska si frelse.


Etter å ha akselerert i to hundre år, og så bremsa att mest like lenge, glei Gaspare gjennom denne siste sjarmøretappen gjennom det ytre solsystemet ulideleg langsamt. Dei var så nære no, kunne mest sjå målet med eigne auge, men likevel ville det ta fleire månader før dei var framme ved planeten dei vona det var mogleg å busetja seg på.


Når dei kom fram, ville sola vera på storleik med den sola Leonora knapt kunne hugsa frå Tellus. Kryosvevnen tok vare på kroppen, men minner var ikkje like verna mot den ubønhøyrlege forvitringa som hundreåra førte med seg.


Ho var ein av to som var vakne på stjerneskipet. Den andre var ein sveitsergardist, eller, dei måtte vel finna på eit nytt namn på dei, no som korkje Sveits eller noko anna på Tellus, ikkje ein gong Roma, fanst meir. Kanskje drabantar var eit godt ord? Den heilage far hadde hatt med seg to hundre personlege livvakter, og gjennom heile ferda hadde det alltid vore ein av dei som ikkje låg nedfrosen. Oldingen som sat på vakt no, kommandør Röist, var den tolvte som hadde dette oppdraget sidan dei la Tellus bak seg. Leonora hadde snakka med han då ho vakna, men han hadde levt mest heile livet i einsemd om bord, og var ikkje vidare interessert i selskap, så Leonora hadde late han vera i fred.


Difor skvatt ho så ho mest mista balansen då det peip i kontrollpanelet attom ho. Innkomande oppringing. Det var ein lyd ho ikkje hadde høyrt på lenge. Med stor varsemd gjekk ho bort til skjermen og tok imot samtala. Lyden var av laber kvalitet og det skurra mykje.


«Dette er (skurr) frå Baldassare. (skurr) tekniske problem. (skurr) reservedelar.»


«Dette er kaptein Leonora la Valle. Eg høyrer dykk dårleg.»


«(skurr). Forventa innkomst om nitten timar.»


«Kva er det som har hendt, sidan de ikkje kan fiksa det sjølve?» Systerskipet Baldassare skulle vera like sjølvberga som dei andre koloniskipa, og det var merkeleg at dei skulle mangla noko.


«(skurr) vore slik lenge.»


Det var kan hende ikkje så rart at dei freista skaffa hjelp no, når farten på stjernekoloniskipa for fyrste gong var låg nok til at dei kunne senda ei skute imellom seg utan at ho vart akterutsegla.


Ho fekk ikkje noko meir vettug ut av samtala, og stengde sambandet. Dei fekk berre koma. Ho skulle hjelpa dei viss ho kunne.


Så gjekk ho til kommandør Röist. Han sat framfor døra til det heilage kryokammeret, med rynkete andlet og tynt, kvitt hår, i stripete uniform, og spela sjakk mot KI-en på eit holobrett.


«Eg har tenkt litt», sa kommandøren. «Eg trur Den heilage far kunne tenkja seg å vera vaken saman med oss. Når resten av innbyggjarane vert vekkja, kjem dei til å trengja åndeleg vegleiing, og då er det fint om Den heilage far er førebudd på kva som ventar oss.»


«Trur du ikkje han las informasjonen hundre gonger før me drog?»


«Det er ikkje det same som å sjå det med eigne auge.»


Leonora kunne seia seg einig i det. Det var jo nettopp difor ho sjølv var oppe.


«Viss me startar gjenopplivinga no, så rekk dei å helsa på gjestane våre.»


Kommandør Röist såg brått opp på ho. «Gjestar?»


Leonora fortalde om samtala med mannskapet på Baldassare.


Kommandøren reiste seg og gjekk til det heilage kryokammeret. Leonora følgde etter. På veggen attmed døra var det ein diger skjerm. Kapteinen og kommandøren stilte seg side om side og aktiverte programvara med kvart sitt fingeravtrykk. Dei laut vera to for å aktivera gjenopplivinga av paven. Andleta og irisane vart skanna og båe to måtte gje KI-en dei personlege passorda sine. Fyrst då kunne prosessen starta. Alle dei frosne menneska i kistene innanfor vart opptina no. Det var ikkje mogleg å vekkja paven utan å samstundes vekka drabantane. Den heilage far skulle alltid ha vaktene sine med seg.


Leonora tok avskjed med kommandøren og trekte seg attende til lugaren sin. Ho høyrde ikkje noko meir frå han før KI-en fortalde at gjestane var framme. Ho gjekk opp på brua og tok fram eit kamerabilete av skuta deira idet dei kopla ho saman med stjernekoloniskipet. Det var ikkje noko liten livbåt, men det største av hjelpefartøya, med plass til over tusen passasjerar. Merkeleg. Leonora gjekk grublande att og fram. Det var noko som ikkje stemde. Kvifor hadde dei ikkje nytta kommunikasjonseiningane i skuta for å klargjera kva dei trengde?


«Kor mange er dei?» spurde ho, men KI-en svara ikkje. I det same gjekk døra til brua opp med eit kves, og ei kvinne frå Baldassare kom inn, kledd i ein mørkeblå overall av den typen ein nytta under romdraktene alle skipa var utstyrte med. Hjartet søkk i brystet på Leonora då ho såg at kvinna bar skytevåpen. Det var definitivt noko som ikkje var rett her.


«Velkomen», sa ho og klistra på seg eit smil. «Har du sove godt?»


Kvinna lo ikkje.


«Noko å bita i? Drikka?» Leonora peika mot eit bord der ei kanne kaffi og ein liten fødevareskrivar sto klar. Ho hadde testa han for å vera sikker på at han virka som han skulle.


«Ja, takk.» Dei gjekk og sette seg, og kvinna tinga ulike småkaker og konfekt. Leonora var framleis fascinert over korleis den vesle skrivaren fekk den grå massen dei putta inn til å smaka så forskjellig når han kom ut att.


«Me har ein moglegheit som me kan hende aldri får sidan», sa kvinna. Ho hadde langt, svart hår i ei tjukk flette som ho sat og fikla med.


«Ja vel?» svara Leonora, mildt interessert, medan ho i tankane gjekk gjennom alle måtar å løyse denne situasjonen på. Kva var det denne kvinna var ute etter her som ho ikkje hadde på Baldassare? For Leonora trudde mindre og mindre på historia om dei tekniske feila.


Kvinna festa blikket på Leonora.


«Sjå for deg ei verd utan religion, kaptein la Valle», sa ho.


«Kva …»


«Sjølv no», avbraut kvinna ho, «når me har sjansen til å byggja oss eit verkeleg Utopia, så dreg me med oss det verste menneskeheita har kokt i hop. Kyrkja.» Ho sa det siste ordet med ein slik avsky at det gjekk kaldt nedetter ryggen på Leonora. «Me kan frigjera menneska frå dogme og reglar og frykta for Helvetes eld. Aldri før har me hatt ein slik sjanse til å rykkja dette ugraset opp med rota og brenna det. Me kan endra heile menneskeheita si lagnad for alltid. Og me kan gjera det no i dag.»


Leonora vart klam. Kunne dette stemma? Hadde kyrkja sine fiendar kome seg om bord på Baldassare og gjort mytteri? Korleis kunne dei ha lurt seg gjennom dei strenge utveljingsprosessane dei alle hadde vore gjennom før dei fekk plass på eit av koloniskipa?


Ho satt så fordjupa i eigne tankar at ho fyrst ikkje la merke til at ei anna av dørene gjekk opp. Det var ikkje før ein drabant ropa: «Ta imot Den heilage far, pave Assolvo» at tankane hennar skaut fart att og ho skjøna kvifor den framande var her.


«Nei!» skreik Leonora og kasta seg mot kvinna, som hadde reist seg og trekt pistolen. To drabantar hadde kome inn, medan paven sjølv, kvitkledd i silke, var på veg.


Leonora reiv kvinna i golvet, men ikkje før ho fekk skote mot Herren sin stadfortredar. Drabantane reagerte lynraskt. Den eine kasta seg framfor pave Assolvo som eit levande skjold, medan den andre greip paven om aksla og skubba han attende dit dei kom frå.


Kvinna freista no å skyta Leonora i staden, men kapteinen fekk tak i pistolen og styrte han vekk og køyrde olbogen i andletet på motstandaren. Då kvinna skreik, reiv Leonora våpenet til seg og kom seg på beina.


Kvinna smilte gjennom blodet som rann frå nasen.


«Dette hjelper ikkje stort», sa ho. «Skuta mi er lasta med krigarar.»


Skit! Kor mange terroristar hadde ho slept inn på skipet? Takk og lov for at kommandør Röist hadde foreslått å vekkja paven og drabantane. Dette kom til å verta blodig.


«Faen ta deg», sa ho. Det var ikkje slik dei skulle byrja livet i den nye verda Herren hadde skjenka dei. Korleis kunne ein byggja Utopia på eit blodbad?


Ho trykte inn avtrekkjaren og gjorde ende på terroristen, før ho sprang etter paven utan å sjå seg attende.

Leonora var nøydd til å tråkka over den daude drabanten i døropninga for å koma forbi. Innanfor var det tomt. Ho spurde KI-en om kvar dei var, men fekk ikkje noko svar no heller. Åtakarane måtte ha stengd han då dei kom om bord, slik at de manuelt kunne styra alle slusar og dører. No var det ikkje mogleg å stenga dei inne nokon plass på skipet. Ho sprang vidare ned ei lang korridor, men kom ikkje langt før to drabantar stilte seg i vegen.


«Det er meg, kaptein la Valle.»


«Slepp ho forbi.» Kommandør Röist kom ut frå ei sidedør og vinka ho til seg.


Leonora følgde etter han inn i eit lite kapell. Paven sat for enden av eit ovalt bord, medan resten av rommet var fylt med drabantar.


«Eg er så lei for det, høgvyrde far, eg…», sa Leonora.


«Det er greitt», avbraut paven ho. «Lat oss fyrst overleva dette, så kan me fordela skuld etterpå.»


«Me treng å koma oss til ein trygg plass», sa Leonora. «Og så må me blokkera alle kommunikasjonslinjer ut herifrå, så dei ikkje får meldt frå til kumpanane deira på Baldassare. Viss det er nokon fleire att av dei der, då.»


«Einig», sa kommandør Röist. Han såg minst tre gonger eldre ut enn dei andre drabantane.


«I akterstamnen er det ein rømingskapsel», sa paven. «Den er skotsikker og ein kan overstyra systema til moderskipet derfrå, så der kan me vera trygge.»


«Det vert vanskeleg å koma seg dit», sa Leonora. «Det er langt, og me veit ikkje kor mange fiendar som er om bord.»


«Det finst ei beinveg», sa kommandør Röist.


«Kva?» sa Leonora. «Eg har pugga teikningane til dette skipet…»


«Men du har ikkje gått åleine her i femti år. Det går ei sjakt frå gyrokammeret midtskips til motorrommet rett attmed kapselen. Han er akkurat stor nok til at ein kan gå krumbøygd gjennom han.»


«Dei kjem!» skreik ein av drabantane som stod på vakt ytst i gangen.


Röist gav ordrar til om lag tre fjerdedelar av drabantane om å forsvara kapellet. «Hald dei så lenge de kan.»


Dei helste til lua, og Den heilage far lyste ei velsigning over dei.


«Gud til ære!» ropa ein av dei, og dei sprang ut for å finna seg forsvarsstillingar.


Resten forma ein boks ikring paven, og med kommandør Röist i spissen sprang dei mot gyrokammeret. Bak seg høyrde dei ei stund skot og folk som skreik i angst og smerte. Så var det langt nok mellom dei til at lydane ikkje nådde fram.


Kommandør Röist sende fleire av drabantane av garde i små grupper for å stengja dører og sluser for å avgrensa framrykkingsmoglegheitene til åtakarane, kopla frå antenner for å hindra dei i å senda meldingar ut, og setja i gang prosessen med å vekkja opp politi- og militærfolka som var om bord. Viss paven berre heldt ut lenge nok, så ville åtakarane til slutt koma i mindretal.


Leonora gjekk saman med Den heilage far midt i klynga av drabantar, framleis halvt i sjokk over at dei var under åtak av folk som ville dei vondt. Dei skulle jo ha lagt alt slikt attom seg då dei drog frå Tellus, og så var væpna konflikt det fyrste som hende då dei vakna i den nye verda!


Ho freista rista vantrua av seg og fokusera på omgjevnadane. Paven var andpusten. Det var ikkje så rart. Han hadde vore gamal allereie før dei fraus han ned, og sjølv spreke, unge menneske som drabantane, vart tilrådd å ta det med ro dei fyrste dagane etter gjenopplivinga.


Röist førte dei gjennom alle slags tomme rom. Dei rekna med å måtte nytta nokre generasjonar på landskiping før dei verkeleg kunne flytta ned på planeten, og i den tida ville koloniskipa fungera som heimstad for menneska. Difor var dei utstyrte med alt ein trong for å leva heile livet om bord.


Dei kom inn i ei kantine, like ved gyrokammeret, då ei gruppe svartkledde terroristar storma inn frå den andre kanten og byrja skyta. På få sekund låg fleire av drabantane daude.


Leonora trekte paven med seg i dekning bak disken. Ikring dei var det harde kampar. Det smatra i maskinpistolar og skadde og døyande skreik ut i pine og raseri. Rommet vart fylt av lukta av korditt og blod. Heldigvis var ytterveggane i koloniskipet tjukke nok til at ikkje kuler frå handvåpen kunne trengja gjennom.


Sjølv om terroristane var fleire, rykte drabantane sakte framover. Leonora heldt seg nede. Ho var ikkje trena i nærstrid på same måte som paven sine livvakter, og kom berre til å kasta bort livet om ho steig fram. I staden kunne ho verna paven.


Ho oppdaga ei rørsle i augnekroken. Bak dei hadde ein av terroristane snike seg rundt for å få paven i sikte. Leonora trekte pistolen på instinkt og skaut mannen, samstundes som to av drabantane kvervla rundt og sytte for at han aldri kom til å reisa seg att.


Til slutt vart det stilt.


«Det er klart», brumma Röist, men like etter høyrde dei at nokon kom laupande. Ti maskinpistolmunningar peika mot døra då ein drabant kom pesande, dekt av blod.


«Dei var for mange, høgvyrde far, fleire hundre. Dei har teke styrka vår ved kapellet. Eg var den siste.»


«Guds fred over minna deira», sa paven med eit sårt drag over augo. «Men me må vidare. Me har ikkje bytta Roma mot rommet for at kristenheita skal utryddast!»


Röist tok dei med vidare inn i gyrokammeret og opna luka til sjakta han hadde nemnd. Han gjekk fyrst inn sjølv, og så kom paven og Leonora like etter. Til slutt kom dei siste drabantane som var att. KI-en og nettverket låg framleis nede, så korleis det hadde gått med gruppene som vart sende ut visste dei ikkje, og kunne berre vona at dei hadde greidd oppdraga sine.


Den siste drabanten heldt på å stengja luka, då han skreik til og falt om. Luka vart sparka inn, og terroristar med flammekastarar innhylla dei tre neste drabantane i eld. Det svei i nasen av lukta av brent kjøt.


«Spring!» skreik Leonora. Röist og paven gav på det dei makta, medan drabantane gjorde eit siste forsvar mot straumen av terroristar for å gje dei tid til å koma seg i tryggleik. «Gloria! Gloria!» song dei, og kasta seg brennande over fiendane. Men motstanden var for stor, og Leonora si einaste von var at paven skulle rekkja fram før terroristane tok dei att.


Det såg ut til at dei skulle greie det. Röist kom til ei trapp og gjekk til sides så paven og Leonora kunne pressa seg forbi.


«Det tek litt tid å låsa kvelvdøra», sa han og stilte seg breibeint framfor trappa med en pistol i kvar hand.


«Sjåast i Himmelen.»


Så var Leonora inne i kapselen. Saman med paven dytta ho att døra og byrja låseprosessen. Det var både manuelle og elektroniske låser, men ingen freista trengja seg inn før dei vart ferdig. Röist hadde kjøpt dei nok tid. Dei høyrde ikkje noko gjennom den tjukke døra, men det var ikkje vanskeleg å sjå føre seg kva som hende på den andre sida.


Då ho var sikker på at dei var trygge, gjekk Leonora til dashbordet. Her var ein terminal som kunne overstyra systemet i moderskipet og aktivera KI-en att viss ein hadde dei rette tilgangane. Og det hadde sjølvsagt kapteinen. Ho tok attende kontrollen og gjorde seg klar til å tømma alle romma for luft. Det var ein funksjon som eigentleg var lage for å utrydda skadedyr på skipet, men han virka like godt på terroristar. Viss det framleis skulle vera nokre drabantar att i live, så var dei budde på å gje liva sine for Den heilage far. Ho nøla i nokre sekund, før ho trykte på knappen. Paven kom bort og la ei neve på aksla hennar.


Etterpå kopla ho skuta til terroristane frå deira eiga skip, og så fort dei var langt nok unna, skaut ho skuta sund. Deretter byrja ho sikta langdistansekanonane inn mot Baldassare med tyste tårar rennande nedetter kinna. Plikta kunne vera ei tung bør, men ho hadde rygg til å bera ho, jamvel om det gjorde vondt. Terroristane frå Baldassare hadde sett heile oppdraget i fare, og måtte hindrast frå å gjera meir skade.


«Ikkje», sa pave Assolvo, og grepet om aksla hennar vart litt fastare. «Uansett kva som har hendt der borte, så kan me ikkje drepa ein tredjedel av flåten. Me må visa dei at menneska er betre enn hemn og vendettaar. Me har sjansen til å skapa ei ny verd, og det må me ta på alvor.»


Leonora tok hendene skjelvande bort frå skjermen og såg den gamle mannen inn i augo. Han var også våt på kinna.


«Takk.»

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2020 Pendelen.no