Ikaros

av Jakob Sande.

Ikarus' fall, av Pieter Bruegel.

Einsam i lekkjor låg han

den unge, halvnakne gut.

Solspel på murveggen såg han,

og lengta til vårdagen ut.


Då var det den mektige lagnad

til flukt honom vengjer gav,

og solfylt i jublande fagnad,

steig Ikaros fri over hav.


Ør han mot soli svinga

i brennende lengt og trå,

og vilde med makt seg tvinga

dit ingen på jord kann nå.


Han stunda mot strålelandi,

men fall mot det kalde hav,

no søv han på Samos-strandi,

der ingen veit om hans grav.


Ikaros, unge dåre,

din lagnad min eigen vart.

Me lengta mot soli klåre,

men båe laut bøta hardt.


Mi sol var ei fager kvinne,

urøyvd og strålande rein,

stolt som ei ung gudinne,

der varmt i mi sjel ho skein.


Ho batt meg med strålebandi,

eg hadde kje kraft til å snu,

no ligg eg som vrak på strandi,

blinda og brend som du.


Men ho som mi livskraft rana,

og døds-sår i hjarta mitt skar,

går fram på si stolte bana,

og veit ikkje um at eg var.

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2018-2021 Pendelen.no