av Siri Bjorstad Hjermann.

Det gneistrar i den kalde is
frå kjærteiknet av stål,
når mannen med det staute glis
har kvinna som sitt mål.
I bringa er han full av glød
han skeisar fram med mot,
der fjorden før var full av død
som farga kvar ein drope rød,
der susar no hans fot.
Kor kaldt var det i førtito
då «Donau» segla der?
For femhundreogtrettito
vart dagen heilt prekær,
då berre ni kom heim igjen.
Dei andre mista liv.
Så mange kvinner, barn og menn
av jødisk ætt vart offer. «Brenn!»,
var Nazi-direktiv.
Den unge mann har hjartebank
og tek ein piruett,
han pregar inn i isen blank
ein hjartesilhuett.
Eit eldre par på festningen
ser kunsten som trer fram,
dei smiler, dei fann kjærleiken,
dei heiar på han, «Kom igjen! –
Far fram med brask og bram!»