top of page

Kvenne-Karis vise

av Magnus Brostrup Landstad.

Landskap i Kaupanger med en stavkirke 1847 (detalj) , av Johan Christian Claussen Dahl.


Aa der er vent i Neslands kyrkja,

naar klokkunne gjeve dur,

der gjekk eg las fer gamle presten,

og der hev eg stadi brur.

Gud hjelpe den, som er gamal!


Aa der er vent i Neslands kyrkja,

naar folket kallar paa Gud,

der hev eg fengi lagt i fraa meg

mi saaraste hjartesut.

Gud hjelpe den, som er gamal!


Aa der er vent i Neslands kyrkja,

vor Herre held disk og duk;

Kvor den einaste heilagdag

saa kem eg de ihug.

Gud hjelpe den, som er gamal!


Det er saa unaleg vera

der, en er kend saa vel,

det ny er alstøtt myki gildar,

d'æ 'ki daa mætar hell.

Gud hjelpe den, som er gamal!


Presten han hev saa myki

at røda fer 'kon smaa,

sæl er den, som i denne verdi

vil lyde trutt derpaa!

Gud hjelpe den som er gamal!