top of page

Lande vaart

av Arne Garborg.

Skogsarbeider, av Alf Rolfsen.


So lang ei Tid,

so lang ein Strid;

og enno stend me midt der-i!

Men utan Sut

den norske Gut

vil halde Striden ut.


Det hev me lært

er Møda verdt

aa stri' for det som vart oss kjært.

Og Mann for Mann

me segja kann:

me elskar dette Land.


Knapp Grøde bar

vaar norske Gard;

men Heim er Heim, kor trong han var.

For heimlaus Sjæl

og Framandtræl

vart Verdi altfor fæl.


Og er det smaatt,

og gjeng det traatt,

so skal me endaa faa det godt;

fraa Dag til Dag

i smaae Slag

me vinn oss fram i Lag.


Det vert nok stridt;

men litt um litt

det gjeng, naar kvar vil gjera sitt.