Lyset

av Halldis Moren Vesaas.

Solnedgang (Brødre), av Caspar David Friedrich.


Kjære, alt ditt som du viser meg no – så utenkt som mangt av det er – kan det vel hende eg ikkje forstod om du ikkje var meg så kjær.


Eg stansa vel uviss, utan svar, som framfor eit ukjent land, om ikkje min kjærleik til deg var for meg som ei lykt i mi hand.


Den lyser meg fram, så eg kan gå inn og gjere meg kjend i kvar krok. Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok.