top of page

Marsmorgon med mann og tre

av Siri Bjorstad Hjermann.

Marsmorgen, av Nikolai Astrup.


Frå fjella høge renn det foss

med eim av istidsland,

når kulde må mot varme sloss

då vaknar doktorand.

For kven kan sitja over bok

når vinter trekkjer seg?

Når kropp og hovud er på kok

då går han ut, han som er klok,

med lette, frie steg.


Med hatt på snei, med glimt og glis,

han møter verda ny,

frå fjella bratte sildrar is

og speglar kvite sky.

Han går på vegen fjordalangs

og tek ein piruett,

han undrast, kanskje har han kjangs

på jenta som er førsterangs –

All tanke er så lett!


Frå himmelsjå, mot sky og sol

frå høge Jølstrafjell,

det renn ein bekk, den er frivol

og veks som ein rebell.

Den buldrar stadig med meir makt,

er skapt av smeltesnø;

Den slepper seg med dødsforakt,

den varer heilt til siste akt,