top of page

Mitt einaste kvad

av Olav Nygard.

Barden, av John Martin.

Det kjem kje ein dag som kann finne meg glad so lenge d'er uskapt mitt einaste kvad. Det brenn i mitt blod og det tyngjer mi tunge, det styn i mitt hjarte og skjelv i mi lunge.


Det leikar av glede, det bøygjest av sut, det bivrar av solkraft og sprakar av krut. Det gøysner som gove or brandheite kjelar, som fossen og fjellbekken syng det og spelar.


D'er lint som ei susing i livande fjell, d'er dulramt som jordkjelda djupt nedi deld. D'er løyst dom den velfarsong sjælene sender aat verda naar ut til sitt upphav dei vender.


D'er ukvede endaa; det fann ikkje ord; det sigler i syner og drøymer i jord. Og det er min otte at brennhugen spaknar so kvade vert uløyst naar livstraaden raknar.

Siste innlegg