Ode til lesekiosk 108

av Siri Bjorstad Hjermann.

Lesekiosk 108 på Svanøy (foto av bokkioskfadder Solveig Willis).


Med sjø på alle kantar flyt

ei øy i ville vest,

og båre etter båre bryt

for ofte er det blest.

Men stundom er det havblikk her

med sikt langt vestanfor.

At Svanøy stad for påfyll er –

i sol og storm, ja allslags vêr –

syns mange som her står.



Kvart menske er ei øy, sa han,

vår Tarjei Vesaas stor.

John Donne var usamd: Ingen mann

er einsam øy på jord!

No står du her på Svanøy gjev

i bokkiosk full av gull:

kan gløyma sut, kan gløyma strev,

kan vera dronning eller grev,

kan vera Sitting Bull.



«Robinsonade»? – Søk opp det,

ein eigen sjanger finst,

der den skipbrotne finn sin fred

og får ein livsgevinst.

Du er ei stranda og fortapt!

Du har ei sett din slutt!

Til øya kom og bli forgapt

i bøker kvinner, menn har skapt,

og nyt natur til slutt!



Eg kom med båt ein sommardag

for lenge sidan no,

og kjende stadig mindre jag,

vart fylt av øya-ro.

Her vandrar hjorten stolt og glad

i gamle vikingspor.

Her føddest Eirik Blodøks – ja,

sjå steinkorset, i soga bla; –

Alt skrive er i ord.



Hit folk har reist frå fjern og nær

i mange hundre år

og kanskje finn du Baudelaire

der du på føter står.

I verna lesekioskar – slott! –

kjem verda til deg, no,

ta ut ei bok, trekk pusten godt

og bli med salig Don Quijote

i 2022.



Før slapp ein mynt på mynt på boks

for å få linje ut.

Det er eit lite paradoks:

allverda er i denne «boot»

heilt kostnadsfritt. Plukk det du vil,

her finst det bokmagi!

Og eg som er bibliofil

gir knallraud bokkiosk 10 i stil,

all verda er jo mi!