Så rodde dei fjordan

av Aslaug Vaa.

Kirkeferd i Hardanger, av Hans Dahl.


Så rodde dei fjordan. Så køyrde dei strondi. Så rei' dei lian, så vassa dei sundi.


Og heggeliljune dubba i bakkan, på kyrkjegolvtiljune

inn svinga stakkan.


Det var Liv og Tone og Rannei og Gyri og Gamla på Fjone lett trippa fyri.


Det var Knut og Livår og Sveinung og Tore og Buggen sin Styrkår frå Utigard Jorde.


Og inn dei seg sessa på kvåre si side, so lydde dei messa med tankan rok vide.


So blædde dei salmur og sett i å kveda om krossar og palmur til presten sill beda.


Og Knut såg på Tone og Rannei på Levår og Gamla på Fjone laut tenkje på Styrkår


So ned dei seg bøygde i heilage vimur med kringom dei smøygde seg solrøyk i strimur.


Då klokka ho klemta og kvendi sukka, og karane kremta og ut dei seg tukka.


Og sunnan og nordan dei helsa i hendan. Så rodde dei fjordan så køyrde dei strendan