Skalden

av Olav Aukrust.

Homer og hans ledsager, av William-Adolphe Bouguereau.




I

Skaldskap er ofte ei glede som sorgi og naudi gjev næring. Difor er òg eit kvæde ofte ei blømande tæring.

Elden som tærer i barmen, slær ut i skinande blomar. Elden i sorgi og harmen driv fram ein blømande sumar.

Skalden skal trengslune trasse og sigrande kvæde si kvide. Med kvate ord og med kvasse kløyve han yra den stride.



II

Som æventyrguten seg gjorde til maur og falk og løve, kann skalden med skaldeordet dei same bragderne øve.

Maurande djupt innunder veldige røter smyg han. Og høgt over avgrunns dunder lik falken til himmels flyg han.

Einsleg i audni ber han sin brand gjenom natti den lange. Og sterk liksom løva gjer han umsider det sigrande spranget.



III

Skalden er bleik av di han styrer so stort eit orkester. Skalden fær kveik av di han hyser so eldfulle gjester.

Den siste, utrolege gjesten er ofte ein hugsefull lengsel mot siste, namlause resten som sit i sitt einslege fengsel.

Men kjem so den lengtande gjesten med den han til sist fekk fat i, daa lyser hjaa skalden festen, um so det er svartaste natti.



IV

Skalden kann ikkje sova naar livselden brenn og brusar. Daa lyfter han taket av stova, og stjernehimlane susar.

Skalden, det er ein sjåar som ser gjenom hildrande eimar. Skalden er ein som skodar djupt inn i heilage heimar.

Ein skald er ein skattefinnar som ljosnar paa leitingsferdi. Ein skald er ein sigervinnar over seg sjølv og verdi.