Strid for fred

av Arne Garborg.

Den tredje mai 1808, av Francisco Goya.


Ja lat oss stride,

og lat oss tru,

og byggje med tankar

ei bivre bru,

til den heilage, høge framtid!


Me lever midt i

ei villmanns-tid

med blinkande knivar

og nevestrid;

og livet er som ein bloddraum.


Men vita skal me

og vone visst,

at ånd må vinne

på troll til sist,

og vit på den varge villskap.


So lat oss tru

og stride som menn!

For trui er,

som det skrive stend,

den makt som vinner på verdi.