Stupebrett

av Carl Kjos Thoresen.

Solnedgang, Mont Blanc, av Wenzel Hablik.

Diktaren står og myser

på toppen av sitt stupebrett

fleire mil der oppe i lufta

står diktaren og ser ned.


Der nede ligg diktet

ein knapp langt i det fjerne

ein knapp knapt til å anse

med diktarens auge.


Diktaren vil hoppe

slenge sjølvet ut i lufta

men ein tanke stoggar spranget:


Vil dei like smaken av mitt lik?

Støtt Pendelen:

VIPPS # 507 114

Alt innhold er opphavsrettlig beskyttet

© 2020 Pendelen.no