av Carl Kjos Thoresen.

Zarathustra,
av Nicolas Roerich.
I eitt er du kjukling og egget,
ein mark på ditt eige lik.
Med i eit kretslaup du ikkje kan tapa,
styrkjer du deg sjølv ved svik.
Ein slave til lova og makta,
som meg i den evige jakta.
Så kyss dine vanskapte lepper
og stryk undrande over din hud.
Lat oss ri ut på helvetes stepper,
for bytet vi jagar er Gud.