top of page

Vit og Tru

av Ivar Aasen.

Gammelt bjerketre ved Sognefjorden, av Thomas Fearnley.


Me høyra stundom so stort eit Ord

um alt, som Folk tykkjast vita

um Liv og Lagnad, um Himmel og Jord

og alt, som Mann kan gita.

Eg ottast, alt, som me vita fullt,

er litet mot alt, som fyr' oss er dult.


Eit Frækorn fell av eit Tre i Mold,

det sjølv til eit Tre seg lagar

med diger Stuv og med fager Koll,

som høgt i Vinden svagar.

Kven vilde vel tru, naar han ikkje saag,

at all den Kraft inn-i Frækornet laag?


Me sjaa kring um oss eit Liv so rikt,

i tusund Skap det seg rører.

Det unge Dyr er det gamle likt,

og lystigt sitt Liv det nører.

Kvat er detta Livet? Kor kom det der,

og kvar verd det av det, naar ut det fer?


Me sjaa ei Sol, som sender oss Dag

og jamstødt søkker og spretter.

Det gjenger kvart Aar med same Lag,

med Vaar og Sumar og Vetter.

Kor lenge gjekk det vel so som no?

Kor lenge skal det vel gjenga so?


Me sjaa uti Rømdi so stor ein Kring,

der Stjernor i Natti yrja;